Trefint

View Original

Nytt frå Trefint

Det vert mykje avfall i ein slik produksjon. I mi verksemd gjer eg alt kan for å sortere avfallet og behandle det på beste måte. Spon og sagmugg frå reint nytt treverk går til kompostering eller jordforbedring. Frå treverk med lim, maling, beis og oljer vert det levert til avfallsdeponi. Kapp frå reint treverk vert til ved. Rester av oljer og brukte kluter samt anna forurensande materialer går og til deponi.

På den måten freister vi dagleg å gjere vårt klimaavtrykk så lett som mogleg.